Minstevassføring er et viktig avbøtande tiltak for naturmiljøet, særleg flora og fisk, men også for opplevinga av landskapet. I Hjartdøla er det planlagd å sleppa 1000 l/s* om sommaren og 500 l/s om vinteren frå inntaket i Hjartsjå.
Frå inntaket i Sønderlandsvatn vil ein sleppa 360 l/s om sommaren og 100 l/s om vinteren. I periodar med langvarig tørke og svært lite tilsig kan minstevassføringa i Skogsåa ikkje garanterast. Slepp av minstevassføring vil vera viktig i tørre periodar både for Hjartdøla og Skogsåa. Minstevassføringa med Sauland kraftverk vil vera høgare enn før utbygging, pga at ein del av magasina vert nytta til å sikra minstevassføringa.

Utbyggar vil supplera minstevassleppet frå Hjartsjå slik at ei minstevassføring i Omnesfossen på 2500 l/s om sommaren og 1000 l/s om vinteren kan overhaldast.