Trykket i brønnane til Sauland vassverk skal overvakast. Større vassførande sprekkesoner i avløpstunnelen for Sauland Kraftverk skal tettast. Dersom vasstanden i grunnvassmagasinet likevel fell, må også mindre vassførande sprekksoner tettast.

Mellombelse og eventuelle permanente endringar av kapasitet/kvalitet i private drikkevasskjelder forårsaka av tiltaket vil verta følgt opp og i naudsynt grad utbetra.