Redusert vassføring i Hjartdøla og Heddøla vil redusera grunnvasstanden heilt inntil elvene. Endringane vil vera mest tydelege i dei områda der grunnvasstanden auka etter etableringa av Hjartdøla kraftverk og ein fekk ”vassjuk jord”.
I anleggsfasen kan ein ikkje heilt utelata at det kommunale vassverket og nokre få private brønnar vert mellombels påverka. Det vil verta satt i verk naudsynte tiltak for å sikra vassforsyninga.

Resipientforhold nedstraums utløpet av det kommunale renseanlegget vil endra seg etter utbygging av Sauland kraftverk. Ein ventar at vasskvaliteten og resipientforholda vil vera gode/tilfredstillande og etter ei utbygging av Sauland kraftverk. Det er lite truleg at utbygging av Sauland kraftverk vil kunne påverka potensialet for uttak av grunnvarme.

Konsekvenser
FagområdeKonsekvensgrad
Erosjon og sedimenteringLiten negativ
LokalklimaUbetydeleg
FrostrøykMiddels positiv
Hydrogeologi og vassforsyningLiten negativ
GrunnvarmeUbetydeleg
Forureining og vasskvalitetLiten negativ

Konsekvensutgreiingane er utførd av Norconsult, Meteorologisk institutt og Norges vassdrags- og energidirektorat