Hjartdøla vil difor i større grad vera islagt om vinteren enn i dag. Nedstraums kraftverksutløpet vil ein få større døgnvariasjonar i vasstemperaturen enn i dag både sommar og vinter. Døgnmiddeltemperaturen nedstraums kraftverket vert noko endra; litt varmare om vinteren og litt kaldare om sommaren.
Mellom kraftverksutløpet og Heddalsvatn vil ein få variable istilhøve slik at elva stort sett vil gå open bortsett frå på stille og djupe parti nærast Heddalsvatn.
I Skogsåa forventar ein ikkje vesentlege endringar i temperaturtilhøva, men elva kan islegga seg nokre dagar tidlegare som fylgje av lågare vassvolum.
Ein ventar små endringar i temperatur- og isleggingstilhøva i Hjartsjåvatn, Sønderlandsvatn og sidebekkene.