Hjartdøla og Heddøla husar raudlisteartane elvemusling og ål, samt prioriterte ferskvassorganismar somNaturmiljø storaure og sik. Redusert vassføring vil endra vekst- og levevilkåra for fisk og elvemusling i Hjartdøla. Ein forventar at dei negative konsekvensane er størst i vinterperioden pga låg vassføring og innfrysing av grunne områder. Konsekvensgraden for fi sk og botndyr i Hjartdøla vert vurdert til middels negativ. Verknadene ved tiltaket i Skogsåa er knytt til reduserte produksjonsareal for fisk og botndyr og vert vurdert som liten negativ.

Sidebekkene Grovaråa, Vesleåa, Kvitåa, Uppstigåa og Skorva har liten verdi for fisk og konsekvensgraden vert vurdert som liten negativ. I Vesleåa/Kjempa forventar ein noko dårlegare levevilkår for aure og bekkeniøye og konsekvensgraden er difor vurdert til liten til middels. Konsekvensane i Heddøla er knytt til endringar i vasstemperaturen nedstraums kraftverksutløpet. Konsekvensen ved dette vert vurdert som middels negativ.