Utbygginga av Sauland kraftverk vil primært ha verknader for vilt som er knytt til vassvegane og sjølve tiltaksområdet. Dei største verknadene vil utbyggina ha for artar som fossekall, vintererle, kvinand og bever. For desse artene må det forventast reduserte bestandar på sikt. For dei para som opprettheld sitt område/territorium vil redusert ungeproduksjon kunne verta eit resultat. Anna vilt i området vil primært verta påverka i anleggsfasen, utan at dette får merkbare verknader for bestandssituasjonen lokalt. Ein forventar ikkje at utbygginga vil ha vesentlege verknader for sjeldne eller trua artar. Samla sett vil utbygginga ha konsekvensar for få område som har verdi i ein større samanheng. Konsekvensane for viltet i infl uensområdet vil ligga innanfor spekteret liten til middels negativ.