Samla sett vert konsekvensen for friluftslivet ved tiltaket vurdert som middels negativ i forhold til elvenes visuelle verdi for friluftslivsaktivitetar. Verdien til Omnesfossen og Skogsåa vert tillagt størst vekt.
For andre former for utøvande friluftsliv med direkte tilknyting til eller bruk av elvene vil tiltaket ha både negative og positive konsekvensar. Tiltaket vil ha liten negativ konsekvens for fisking og turgåing og middels negativ konsekvens for elvepadling i Skogsåa. Vassføringa i hovudvassdraga vil få ein storleik som er godt eigna for bading. Bading i Omnesfossen vil difor vera mogeleg langt oftare etter utbygging enn i dag. Konsekvensgraden for bading er middels positiv.
For reiselivet er tiltaket vurdert å ha liten negativ konsekvens, der konsekvensen i størst grad er knytt til redusert vassføring i Omnesfossen.
For andre former for utøvande friluftsliv med direkte tilknyting til bruk av elvene, vil tiltaket ha både negative og positive konsekvensar.