Grovaråa, Vesleåa, Uppstigåa og Rodalsløken vert teke inn på Sauland II.

Hovudanlegga til Sauland kraftverk vil verta:

  • Ein kraftstasjon, plassert i fjell nord for Skårnes, med ein samla årsproduksjon på om lag 205 GWh, tilsvarande det årlege forbruket til i overkant av 10 000 husstandar.
  • Om lag 28 km tunnelar.
  • Eit 132 kV koplingsanlegg og ein om lag 500 meter lang jordkabel.

Det vert etablert mellombelse og permanente tippar ved dei ulike driftsstadane. Bygdevegar som vert brukt i anleggsfasen eller til drift av kraftverket vil få naudsynt oppgradering. Det vil verta bygd korte vegstubbar fram til dei ulike driftsstadane der dette er naudsynt