Til innhold
  • Om oss
  • Presse
  • Kontakt
  • English
Våre nettsider
  • Skagerak Energilab
  • Skageraknytt
  • Skagerak Varme
  • Skagerak Kraft
  • Konsern
image/svg+xml
  • Kraftverk
  • Vassdrag
  • Miljø
  • Krafthandel
  • Karriere
  • Kraftverk
    • Prosjekter
      • Sauland kraftverk
        • Konsekvensutredninger
          • Hydrologi
          • Landskap og kulturminne
          • Naturmiljø
          • Samfunn
          • Naturressurser
          • Avbøtende tiltak
          • Elvebilder
  • Våre nettsider
  • Skagerak Energilab
  • Skageraknytt
  • Skagerak Varme
  • Skagerak Kraft
  • Konsern
  • English
  • Nyhetsarkiv
  • Logg inn Fyret
  • Tilgang Elhub
  • Om oss
  • Presse
  • Kontakt
  • Forside
  • Kraftverk
  • Prosjekter
  • Sauland kraftverk
  • Konsekvensutredninger
  • Avbøtende tiltak

Avbøtende tiltak

Sauland-Avbøtende tiltak

Utbyggar har allereie innarbeida ei rekke avbøtande tiltak i føreliggande planforslag på bakgrunn av innspel frå grunneigarar og dei uavhengige fagmiljøa som har gjennomført konsekvensutgreiingane.

  • Lausmassetersklar

    Utbyggar er innstilt på å etablera lausmassetersklar i den grad det vil vera eit positivt miljøtiltak. Vassdragsstyresmaktene avgjer etter ei vurdering av fordeler og ulemper kvar og korleis tersklar skal etablerast.

  • Tiltak for fisk og overvaking av fisk og elvemusling

    Demningane ved Hjartsjå og Sønderlandsvatn vil verta utforma med leierenne for å ivareta moglegheita for at ålen kan vandra både opp og ned vassdraget.

    Vassdekka areal sommar og vinter og levevilkåra for elvemusling og aure etter utbygging vil verta overvaka/undersøkt. Undersøkingane vil danna grunnlaget for eventuelle avbøtande tiltak, som for eksempel tersklar.

  • Kommunalt vassverk og privat vassforsyning

    Trykket i brønnane til Sauland vassverk skal overvakast. Større vassførande sprekkesoner i avløpstunnelen for Sauland Kraftverk skal tettast. Dersom vasstanden i grunnvassmagasinet likevel fell, må også mindre vassførande sprekksoner tettast.

    Mellombelse og eventuelle permanente endringar av kapasitet/kvalitet i private drikkevasskjelder forårsaka av tiltaket vil verta følgt opp og i naudsynt grad utbetra.

  • Tippformer

    Tippområda er valde slik at tippane vert minst mogleg synlege. Tippane vert utforma slik at dei vert tilpassa landskapet best mogeleg. Forma/plasseringa på tipp Lonargrend er justert for å minimera konfl ikten med ei slåtteng ved sidan av tippen. Justeringa tek og omsyn til rydningsrøysene som er registrert i området.

  • Rasteplass ved Sønderlandsvatn

    Planane for inntaket ved Sønderlandsvatn er komplettert med ein opparbeida rasteplass. Dette gjev ifølge Fagrapport Landskap området eit ”estetisk løft”

  • Miljøoppfølgingsprogram

    Det skal lagast eit eige miljøoppfølgingsprogram. Ei rekke av dei avbøtande tiltaka som er føreslegne i konsekvensutgreiingane vil vera viktige, og vil inngå ved utarbeiding av detaljplanar for utbygginga og miljøoppfølgingsprogrammet

  • Foreslått minstevassføring

    Minstevassføring er et viktig avbøtande tiltak for naturmiljøet, særleg flora og fisk, men også for opplevinga av landskapet. I Hjartdøla er det planlagd å sleppa 1000 l/s* om sommaren og 500 l/s om vinteren frå inntaket i Hjartsjå.
    Frå inntaket i Sønderlandsvatn vil ein sleppa 360 l/s om sommaren og 100 l/s om vinteren. I periodar med langvarig tørke og svært lite tilsig kan minstevassføringa i Skogsåa ikkje garanterast. Slepp av minstevassføring vil vera viktig i tørre periodar både for Hjartdøla og Skogsåa. Minstevassføringa med Sauland kraftverk vil vera høgare enn før utbygging, pga at ein del av magasina vert nytta til å sikra minstevassføringa.

    Utbyggar vil supplera minstevassleppet frå Hjartsjå slik at ei minstevassføring i Omnesfossen på 2500 l/s om sommaren og 1000 l/s om vinteren kan overhaldast.

  • Tips en venn
Del på:
  • Del på Facebook
  • Del på LinkedIn
  • Del på Twitter

Kraftverk

  • Kraftverksoversikt
    • Ala
    • Bagn
    • Bjordalen
    • Breive pumpestasjon
    • Brokke
    • Dalsfoss
    • Duge pumpekraftverk
    • Eidet
    • Finndøla
    • Fjone
    • Gjuvåa
    • Grunnåi
    • Grytåi
    • Grønvollfoss
    • Haukrei
    • Hekni
    • Hjartdøla
    • Hjorteland pumpestasjon
    • Hogstad
    • Holen
    • Hylen
    • Hølseter
    • Jukla
    • Kammerfoss
    • Kiste
    • Kvilldal
    • Kvinen
    • Langfos
    • Mauranger
    • Mydalen
    • Nape
    • Rolleivstad pumpestasjon
    • Roskrepp
    • Sagfossen
    • Saurdal pumpekraftverk
    • Skarg
    • Skarje pumpestasjon
    • Skollenborg
    • Solhom
    • Stølsdal pumpekraftverk
    • Sundsbarm
    • Svelgfoss
    • Tisleifjord
    • Tjørhom
    • Toklev
    • Tonstad
    • Tveitereidfos
    • Uvdal 1
    • Uvdal 2
    • Vafos
    • Vrenga
    • Åbjøra
    • Åna-Sira
    • Årlifoss
  • Prosjekter
    • Sauland kraftverk
      • Konsekvensutredninger
        • Hydrologi
        • Landskap og kulturminne
        • Naturmiljø
        • Samfunn
        • Naturressurser
        • Avbøtende tiltak
        • Elvebilder
      • Dokument
      • Om Sauland
      • Aktuelt
    • Ala kraftverk
    • Nye Dalsfos kraftverk
    • Håtveitåi
    • Skagerak EnergiLab
    • Grunnåi kraftverk
    • Årlifoss og Grønnvollfoss
  • Instrukser og prosedyrer
  • Besøkskraftverk
  • Del på Facebook
  • Gå til Youtube
  • Gå til LinkedIn
39

Postboks 80

3901 Porsgrunn

Org.nr: 979 563 531

contact_phone +47 35 93 50 00

contact_adress firmapost.kraft@skagerakenergi.no

  • Nyhetsarkiv
  • Logg inn Fyret
  • Tilgang Elhub
Personvern
Levert av: CoreTrek | Publiseringsløsning: CorePublish