Konsekvensane av Sauland kraftverk vert vurdert som store negative for Skogsåa med sidebekker, Vesleåa/Kjempa og Skorva. Vurderingane er knytt til funn av raudlisteartene orejamnemose, huldregras, solblom samt raudlista soppartar og trua naturtypar. Konsekvensane for fl oraen langs Hjartdøla vert vurdert som middels negative.

Vurderingane i Fagrapport Flora baserar seg til dels på påstandar om ein forventa endring i lokalklimaet som ikkje vert støtta av Fagrapport Lokalklima. Fagrapport Flora frykter blant anna negative konsekvensar for naturtypar som haustingsskog og rik edellauvskog. Utbyggar meiner difor at konsekvensgraden for fl oraen nokre stader er sett litt for høg.