Landskap

Utbygging av Sauland kraftverk medfører ein rekke mindre inngrep i landskapet; inntakskonstruksjonar, avløp, tersklar, tippar, vegar og koplingsanlegg. Det vil ikkje verta bygd nye luftleidningar.

Konsekvensen av dei einskilde inngrepa vert i all hovudsak vurdert som liten eller middels negativ, og summen som middels negativ. Konsekvensen av inntaket ved Sønderlandvatn (utan avbøtande tiltak) vart vurdert som mest negativt
(middels – stor negativ). Planane er difor komplettert med ein rasteplass som eit avbøtande tiltak. Ifølge Fagrapport Landskap gjev den planlagde rasteplassen området eit ”estetisk løft”.

Tippane er godt tilpassa landskapet og lite eller ikkje synlege frå veg og busetnad. Konsekvensane for fire av tippane vert vurdert frå ubetydeleg til liten og konsekvensane for to av tippane frå liten til middels negativ.

Endring av vassføringa er den mest synlege konsekvensen av utbygginga etter at kraftverket er sett i drift. Vassføringsendringa i Hjartdøla vert vurdert som liten til middels negativ for landskapet. Konsekvensen ved redusert vassføring forårsaka av bekkeinntaka i Tuddal og i Vesleå/Kjempa i Lonargrend vert vurdert som liten til middels. Konsekvensane av redusert vassføring i Skogsåa, Skorva og Omnesfossen vert vurdert som middels negative for landskapet.

INON

Inngrepsfrie områder vert råka i ubetydeleg grad. Prosjektet medfører ein reduksjon av inngrepsfrie naturområde (INON) på ca. 0,6 km2.

Kulturminne og kulturmiljø


Sauland kraftverk vil totalt sett medføre få negative konsekvensar for kulturminne eller kulturmiljø i Hjartdal og Tuddal.

To tiltak utmerkar seg – tippen i Lonargrend i Hjartdal som kjem i kontakt med nokre rydningsrøyser og inntaket ved dam i Sønderlandsvatn. Desse to anleggsområda vil gje middels til stor negativ konsekvens for kulturminne utan dei avbøtande tiltaka som er føreslegne. På bakgrunn av SWECOs konsekvensutgreiing har utbyggar av omsyn til kulturminna justert Tippen i Lonargrend, og utforminga på dammen ved utløpet av Sønderlandsvatn, for å redusera verknadene. Ved utløpet av Sønderlandsvatn ynskjer ein å framheva restane av dei gamle fløtningskonstruksjonane ved utarbeiding av rasteplassen.

Konsekvenser
FagområdeFagområde
LandskapMiddels negativ
Inngrepsfrie naturområde (INON)Ubetydeleg
Kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljøMiddels negativ

 

Elles er konsekvensgraden av de forskjellige anleggsområda mellom ubetydeleg og liten. Redusert vassføring forbi Omnesfossen og kulturmiljøet Heddal mølle vert vurdert til å ha middels negativ konsekvens.