Konsekvensane av Sauland kraftverk vert vurdert som store negative for Skogsåa med sidebekker, Vesleåa/Kjempa og Skorva. Vurderingane er knytt til funn av raudlisteartene orejamnemose, huldregras, solblom samt raudlista soppartar og trua naturtypar. Konsekvensane for fl oraen langs Hjartdøla vert vurdert som middels negative.
Vurderingane i Fagrapport Flora baserar seg til dels på påstandar om ein forventa endring i lokalklimaet som ikkje vert støtta av Fagrapport Lokalklima. Fagrapport Flora frykter blant anna negative konsekvensar for naturtypar som haustingsskog og rik edellauvskog. Utbyggar meiner difor at konsekvensgraden for fl oraen nokre stader er sett litt for høg.
storaure og sik. Redusert vassføring vil endra vekst- og levevilkåra for fisk og elvemusling i Hjartdøla. Ein forventar at dei negative konsekvensane er størst i vinterperioden pga låg vassføring og innfrysing av grunne områder. Konsekvensgraden for fi sk og botndyr i Hjartdøla vert vurdert til middels negativ. Verknadene ved tiltaket i Skogsåa er knytt til reduserte produksjonsareal for fisk og botndyr og vert vurdert som liten negativ.