I driftsfasen ventar ein at Sauland kraftverk vil gje årlege nasjonale vare- og tenesteleveransar for opp i mot 13 mill kr pr år, derav 9 mill kr pr år til Telemark, hovudsakleg i Hjartdalsområdet. Sauland kraftverk vil gje 2-3 nye tilsette og gje monaleg auka inntekter for Hjartdal kommune i form av eigedomsskatt, naturressursskatt og konsesjonskraft og -avgifter. Desse skatteinntektene inneber eit vesentleg tilskot til kommuneøkonomien.